Valfag

I dag prøver eg å skrive nynorsk. Det blir truleg ikkje feilfritt, eg har ikkje skrive nynorsk sidan eg gjekk på skulen. Eg likte det ikkje noko serleg då. Eg likte ikkje matte og naturfag heller. Men merkeleg nok foreslo ikkje Høgre-politikarane at ein skulle få velje bort desse faga om ein ville...

I dag er eg glad for at eg kan knote meg gjennom ein nynorsk tekst. Eg har mellom anna lært meg å setje stor pris på nynorsk litteratur. Men, altså, den gongen på skulen leid eg meg gjennom fleire fag eg ikkje var spesielt begeistra for.

Vi hadde eit fag som gjorde at vi kom oss gjennom veka. Valfag. Som valfag kunne ein velje mest alt mogleg: fleire timar i eit av dei faga vi alt hadde, eller fag som drama, mopedlappen og ungdomsbedrift. (Eg hadde sløyd eit år og drama det neste.)

Valfag var altså ikkje noko ein valde bort, men noko ein valde i tillegg.

Systera mi byrja på ungdomsskulen etter reform 97. Då fekk ein ikkje lenger valfag ein gong i veka. I staden samla dei alle timane til ei veke i året som dei kalte "elevanes val". I motsetning til valfag, som var vanlege lærarstyrde timar, var elevanes val eit hesblesande prosjekt der ein jobba intenst med det ein var interessert i i fem dagar. Dette utelukka naturlegvis ting som mopedlappen.

Då eg seinare jobba som dramalærar på ein ungdomsskule under elevenes val-perioden deira, var dei fem dagane redusert til tre.

Om ein kunne vist til at ofringa av valfaget har ført til at elevane er blitt flinkare i realfaga, hadde det jo vore noko. Eller om ein kunne bevist at valfritt sidemål kjem til, som Erling Lae påstår, å føra til betre kunnskapar i hovudmål. Men utan at eg har tal på det, trur eg ikkje det er tilfelle. Eg veit ikkje ein gong om dei fyrste som går ut av grunnskulen med ti års skulegang no i vår, veit så mykje meir enn vi som gjekk ut etter niande klasse gjorde. Når eg jobbar som lærarvikar, saknar eg M87, den såkalla mønsterplanen som eg blei undervist etter.

Men dei lærer i det minste nynorsk. Inntil vidare.

Kommentarer

  1. Jeg synes man i samme slengen bør kutte ut opplæring av alle andre fremmedspråk enn engelsk slik at elevene kan konsentrere seg om det.

    Mye bedre at de lærer engelsk skikkelig enn at de bare kan knote litt på begge.

    SvarSlett
  2. Det heldt til tredje ordet. Det heiter "prøver", med mindre det er fleirtal av "prøve", som er valfritt hannkjønnsord eller hokjønnsord.

    ;-)

    SvarSlett
  3. Så sant, og herved rettet! *rødme*

    SvarSlett
  4. Hei!

    Ser du skriver om det samme som meg i dag - og at vi er temmelig enige.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Mett

Hvem voldtok Marianne Aulie?

Den store posten om å reise med tog i Europa